Bergheimsluken

posted in: Blogg | 0

Bergheimsluken er komen tilbake til Gloppen (Firda Tidend)

Håkon Hjelle Roset frå Sandane er mannen som skal ta over produksjonen av den historiske Bergheimsluken.

– Eg er ein kar som er interessert i mykje, og har lenge hatt lyst til å finne ei merkevare for Gloppen, seier Håkon Hjelle Roset som dei siste to åra har vore busett i Sverige der han har satsa på sleggjekast.

1. januar 2023 tok han over produksjon og distribusjon av Bergheimsluken. Ein sluk som har eksistert sidan 1936.

Sluk utvikla av Gloppar, Anders Bergheim

Den fiske- og friluftsinteresserte mannen har lenge vore inne på tanken om å utvikle ein ny fiskesluk som kunne knytast til Gloppen, men dette har vist seg å vere vanskeleg.

– Å lage ein heilt ny fiskesluk er ikkje gjort i ei handvending, både på grunn av at det er mindre laks i elvane, og fordi ein treng mange år for å teste han ut skikkeleg, utdjupar han.

Etter ei tid fekk han eit tips frå kompis og samarbeidspartner Preben Moen om ein sagnomsusen sluk. Han kunne fortelje at det på Gloppen Hotell låg eit eksemplar av sluken som hadde hekta den største laksen i Gloppeelva. Rekordlaksen, ein laks på 26,5 kilo, vart baska i land i 1948.

Tidlegare eigar av Bergheimsluken, Bjarne, var rett mann å spør om tips og råd til korleis lage ein ny sluk. Der fekk Hjelle Roset beskjed om at dette var svært vanskeleg. Telefonsamtalen førte til vidare samarbeid og overtaking av fiskesluken.

Utvikla i samarbeid med Flekke-/ Guddalvassdraget i 1936

Den vesle sluken som vart den store fisken si bane var nemleg Bergheimsluken.

Då Håkon fekk nyss i rekordsluken, vart han nysgjerrig, og byrja saman med Moen å undersøkje vidare. Hjelle Roset og Moen byrja samarbeidet i desember 2021.

– Det fine med historia er at sluken sin opphavsmann, Anders Bergheim, voks opp rett ved Bergheimsvatnet i Breim, like ved der slekta mi kjem frå, smiler Hjelle Roset.

Håkon tok i januar 2022 kontakt med Bjarne Huseklepp som hadde tatt over produksjonen av sluken etter at son til Anders, Alf Bergheim døydde i 1987. Då Håkon fekk høyre historia til Bergheimsluken var det ikkje lenger nokon tvil. Dette var det meining bak. Huseklepp har slite med alvorleg sjukdom dei siste åra, og var klar for å føre sluken vidare til Gloppen.

Den legendariske sluken som fristet storlaksen på 26 kilo 9.juni 1948

Alle gode historier rundt Bergheimsluken går tilbake til 1936. Anders Bergheim, opprinneleg frå Byrkjelo ved foten av Eggenipa i Gloppen kommune. Etter ei tid flytta Anders til Dale i Fjaler, der utvikla han sluken i nært samarbeid med laksen i Flekke-/ Guddalvassdraget. Her kombinerte han favorittinteressene sine som sykkelreparatør og slukprodusent.
Anders var ivrig, fiskesluken vart populær og brukt av laksefiskarar over heile landet fram til 1965. Alf, sonen til Anders, tok vare på familietradisjonen og produserte sluken til han døde i 1987. Bjarne Huseklepp hadde gleda av å kjenne Alf og fiske laks med han i Eidselva i Nordfjord. Då Alf døydde, tok Bjarne over produksjonen av Bergheimsluken og heldt fram med å skape nye fiskehistorier. No skal Bergheimsluken fortsette si gode historie saman med Håkon Hjelle Roset. I 2023 tok Håkon over distribusjon og produksjon av Bergheimsluken.
Her blir Gloppeelva sentral. Den kjende lakseelva, der rekordlaksen på 26 kg blei tatt med, nettopp Bergheimsluken.

Lang prosess

– Eg har vore inne i Guddal og besøkt han fleire gongar, og har lært veldig mykje. Det har vore ein lang prosess for å finne fram til dei beste løysingane, og noko som vi begge kunne vere fornøgd med.

Håkon stifta selskapet Roset AS på sommaren i fjor, og ser no fram til å ta fatt på prosjektet.

– Det er veldig kjekt å kunne ta over noko som er så spesielt for dei lokale elvane her i fylket, og med så mange resultat på gode laksar. Det er eit svært godt utgangspunkt for at sluken skal kome seg ut til butikkar over heile landet, konstaterer han.

Made in Norway

Sluken har tidlegare vore tilgjengeleg i over 30 butikkar i landet, og Hjelle Roset håpar å kunne nærme seg ein slik eksponering dei komande åra.

– Den er veldig populær blant dei som er kjennarar og entusiastar, og eg trur at potensialet er stort.

Hjelle Roset har no tatt over stanseverktøyet som han skal bruke til å slå ut sluk-kroppane, og vil sjølv stå for påkopling av splittringar, krokar på kroppane, pakking og salg.

– Bergheimsluken er 100 prosent norskprodusert, og har evna til å kroke stor laks, smiler han.

Forvalte arven

Planen er å drifte produksjonen på ettermiddagar og helgar utanom annan fulltidsjobb, og innrømmer at det nok i periodar vil bli hektisk.

– Det har vore ein lang prosess, og eg kjenner at eg blir litt sveitt no når det er offisielt. Men eg trur det skal bli veldig bra, og eg gleder meg verkeleg til fiskesesongen startar for fullt. Bjarne har lagt sin tillit til at eg skal ta dette her vidare, så eg håpar eg kan yte det rettferd.

Kilde : Firda Tidend


Den Historiske sluken kan de få tak i ved resepsjonen på Gloppen Hotell eller

bestilling på e-post: Hjelle Roset halloroset@gmail.com eller mobiltelefon 45298049

Nettside : www.bergheimsluken.no

Et innslag på NRK Vestlandsreven om Bergheimsluken: